Eit nasjonalt kulturminne på 25 kilometer
I utgreiinga"Nasjonal verneplan for kulturminner i jernbanen" som Jernbaneverket la fram i 2004, er Thamshavnbanen med blant 6 banestrekningar her i landet som er tilrådd freda etter kulturminnelova. Kulturminneverdien for Thamshavnbanen er mellom anna grunngjeve med at den er
- første elektriske jernbane
- den einaste elektriske som er smalspora
- den er eldste eksisterande med vekselstraumsdrift
- kontaktleidningsnettet er det eldste ved nokon norsk jernbane
Banen vart ferdig i 1908 for å frakte malm frå gruvene på Løkken Verk og ned til Thamshavn ved Orkdalsfjorden. Heilt frå starten og fram til 1963 hadde banen også passasjertransport, da overtok busstransporten persontrafikken. Siste kistoget frå gruvene på Løkken Verk gjekk i 1974. Banen kom deretter i bruk som museumsbane frå 1982, på strekninga Bårdshaug i Orkdal kommune til Løkken Verk i Meldal kommune.

Verneplanarbeidet
vart ført vidare av kommunane Orkdal og Meldal, på oppdrag frå Jernbaneverket. Dette munna ut i rapporten "Thamshavnbanen – nasjonalt kulturminne og attraksjon" i august 2006. Utgangspunktet var at ein skulle sjå nærare på ulike alternativ for vern, og samstundes ta vare på interessene som turistattraksjon og pedagogisk tilbod for ulike brukargrupper.
Utgreiinga konkluderer med at strekninga sørover, frå Bårdshaug og til Løkken Verk, blir verna etter kulturminnelova, noko som betyr freding og oppgradering til å bli eit nasjonalt kulturminne. Strekninga nordover, frå Bårdshaug til Thamshavn, blir derimot foreslått vurdert i samband med revisjon av kommuneplanen for Orkdal kommune og bandlagt etter plan- og bygningslova.

Arbeidet med fredingssak og forvaltningsplan
for Thamshavn banen vart sett i gang i 2007, for oppfølging og vidareføring av konklusjonane i utgreiinga frå 2004. Også dette på oppdrag frå Jernbaneverket. Det har vore viktig å samkjøre desse to prosjekta, både ut frå at banen er eit nasjonalt viktig kulturminne og at banen skal vere eit tenleg, nyttbart transporttilbod og ein stor museal attraksjon. I forvaltningsplanen skal det gå klart fram korleis ein vil skjøtte banen i framtida, både ut frå at den skal vere i bruk og at ein må følgje dei spesielle krav som gjeld for freda kulturminne. Eit slikt anlegg stiller høge krav til kompetanse, både for det banetekniske og det tilhøyrande bygningsmiljø langs banen. Fredingssak og forvaltningplan heng såleis nøye saman.

Verneforslaget
vil omfatte banetraséen frå Løkken Verk til Thamshavn, med kjøreleidningsanlegg og dei viktigaste bygningsanlegga som høyrer til banen. Dette vil derfor omfatte både opprinnelege stasjonsbygningar, pakkhus, banevaktarbuer, transformatorhus, vognremisser, omformarstasjonar, jernbaneverkstad, dressinbu, siloanlegg på Løkken Verk, lokomotivstall. Også bruer, undergangar og bekkekulvertar i tilknytning til banen er viktige delar av dette kulturminnet.
Med eit så langstrakt og omfattande kulturminne som Thamshavnbanen er, må ein rekne med å stå framover mangearta utfordringar også i framtida, utfordringar som nok vil krevje både stor kløkt og evne til å finne gode løysingar. Det kan mellom anna vere i forhold til kryssande vegfar, tilgrensande eigedommar og utbyggingsinteresser av ulike slag langs banen. Sidan opninga i 1908 har banen vore eit viktig element i kulurlandskapet og hatt mykje å seie for busetjinga i dalføret og utvilkinga i ulike stasjonsmiljø langs banen. Denne rolla er det eit mål at den skal ha også i framtida.
Meir informasjon om Thamshavnbanen kan ein finne under nettadressa: www.oi.no