Mang ein vegfarande har lagt merke til denne bygningen nær E6, like nord for Soknedal sentrum, i Midtre Gauldal kommune. To uthusbygningar er demontert og ligg lagra, med tanke på gjenoppføring av heile skysstasjonen i Soknedal sentrum. Oppstart av arbeidet med ny E6 vil vere avgjerande for kva tid skysstasjonen kan bli sett opp att der.
Skysstasjon på Presthus er frå tidleg i 1870-åra. Dei fleste skysstasjonane vart etablert etter 1850, fordi det da kom offentleg støtte til slik verksemd. Etter at retten til fri skyss for embetsmenn vart tatt bort i 1816, måtte all skyss betalast, og det vart snart mange fleire skysstasjonar. Ut frå regelverket skulle desse plasserast i ein avstand på 1-2 mil langs landevegen. Såleis er den næraste til Presthus på Garli gard, lengst sør i kommunen og på Flagestad på Støren i nord. Det var sett minstekrav til standarden på overnattingsstaden: Ein måtte mellom anna ha minst 2 gode og reine dobbeltsenger, og det måtte vere tilgang til visse drikke- og mattilbod for dei reisande.

Før 1870 gjekk den gamle kongevegen langs liene i Soknedal. Den første skysstasjonen i Soknedal låg på Hov, litt høgare opp i lia, nær kyrkja. Presthus tok over som skysstasjon truleg i 1850-60 åra, da flytting av vegen ned til dalbotnen kom og staten ga påbod om å flytte skysstasjonen ned frå Hov. Dette var eit krav, dersom eigarane ville drive stasjonen vidare. Bygging av ny skysstasjon vart derfor sett i gang i 1872.
Hovudbygningen vart ført opp i to etasjar, hadde ei grunnflate på 162 m2 og hadde 14 rom. På same tid vart også dei andre husa på garden sett opp, med fjøs, stall, saufjøs, to stabbur og låve. Det nye gardstunet gjekk under namnet ”Ner-Presthus”.
I ein 100-års periode som skysstasjon har Presthus fått med seg ei innhaldsrik utvikling, med omstillingar som var nødvendige for å skaffe skyss til folk, heilt frå bruk av hest, karjol og spisslede og til drosjebilen kom i bruk som framkomstmiddel. Så vart Dovrebanen opna i 1921 og ein kunne følgje det nye, snøgtgåande og dampande transportmiddelet høgt opp i lia på andre sida av dalen.

Arbeidsgruppe for bevaring av Presthus Skysstasjon
I siste halvdel av året 2003, og første halvdel av 2004, hadde ei breitt samansett arbeidsgruppe til oppgave å finne fram til korleis skysstasjonen kunne bli eit nyttbart kulturminne i Soknedal. Interesser innan transport, lokale næringsføretak, historielag, og Midtre Gauldal kommune, vart kopla inn, i tillegg til Vegvesenet og fylkeskommunen. Prosjektleiaren frå Statens Vegvesen i Sør-Trøndelag, for bedring av E6, var drivkraft og leiar for dette arbeidet, der Vegvesenet også tok alle kostnader i tilknytning til bevaringsprosjektet og planarbeidet. Dette samarbeidet munna ut i ny reguleringsplan/sentrumsplan for Soknedal sentrum, ein plan som kan setjast ut i livet så snart det blir gitt klarsignal for finansiering av ny E6 i Soknedal.
Ny plassering i Soknedal sentrum
Ved folkemøte og innspel utanfrå kom det inn mange forslag til ny bruk av skysstasjonen. Eksempelvis kan nemnast at Soknedal skole vart engasjert til å gi elevane på ulike klassetrinn i oppgåve å lage sine forslag til sentrumsplan, ut frå ønskje om fleire trivselsskapande tilbod i sentrum.
Forslaget til ny plassering for skysstasjonen tilseier at først må ny bensinstasjon på plass, nærare ny avkjørsel frå ny E6 i sør. Planane er no henta fram att, etter uvisse om vegfinansieringa i nokre år. Viktige utfordringar framover blir derfor nærare klargjering om flytting av bensinstasjonen og bruk og eigarskap for skysstasjonen. Eit nytt og spennande samarbeidsprosjekt for ivaretaking av eit verdifullt kulturminne i Soknedal sentrum er i emning!